Solid Kiwi Bama Cup

Stord fotball sine G11 frå Langeland deltok søndag på kjempekjekk cup, dette for siste gong. To sigrar og ein uavgjort. Supert arrangement, god dømming og mykje fair play var opplevinga me sit igjen med, i strålande sol! Fem år med cup i Solid-regi har vore kjekke år for gjengen. Gratulerer til Solid for nok ein godt gjennomført cup. Gutane hadde det gøy og var veldig fornøgde. Årets Solid Aid gjekk til kreftsaka i år. Me støtta med t-skjorter med «fuck cancer», og Solid-eldsjel Grethe Fadnes fekk ei t-skjorte frå oss, og gode lukkehelsingar for vidare behandling Mone Nilsen, lagleiar/trenar

Publiseringsdato 21.04.2024




Sport