Suksess for Stord Golflubb på årets første Junior Tour

I helga vart årets første Hytorc Junior Tour halde på Solastranden Golfklubb, og Stord Golfklubb viste seg sterkt blant dei over 90 deltakarane. Dette er ei golfturnering for alle born og juniorar. Den har ulike klassar etter alder og kjønn. Med ei imponerande deltaking på totalt 10 spelarar, var Stord GK den tredje største representerte klubben, berre slått av Sola GK og Stavanger GK. Trass i utfordrande vêrforhold med sterk vind og våte fairwayer, leverte Stord-gjengen ein imponerande innsats på banen med flotte greenar. I dei yngste klassane er det ikkje resultatlister, men i dei litt større klassane tok Stord GK med seg ein 2. plass, ein 4. plass, ein 7.- og 10. plass. Deltakarane frå Stord GK var: Emil Lien Rykkje, Sindre Trovåg, Henrik Bukkøy, Jacob Østensen, Robin Skimmeland, Benjamin og Live Haugland Drønen, Emre og Lowe Henriksen og Sturla Forth. Arrangementet vart gjennomført på ein flott måte av Sola Golfklubb, og etter runden vart alle deltakarane belønna med medaljar, pølser og brus. Stord GK er utruleg stolte av prestasjonane til sine deltakarar, som viser stor framgang og vil definitivt markera seg vidare i turneringa. Neste runde finn stad om tre veker på Stavanger GK, og Stord-gjengen ser fram til å bita frå seg også her! Lena Hartvigsen, Stord Golfklubb

Publiseringsdato 08.04.2024




Sport