Ny pokal til tropps-gymnastane frå Stord Turn
Troppsgymnastane til Stord Turn deltok i helga på andre seriekonkurranse i Sandnes. Her konkurrerte dei saman med 14 andre lag i troppsgymnastikk. Turnarane stilte som lag i øvingane frittståande, tumbling og trampett. I sistnemde øving kapra dei tredjeplassen og henta dermed heim ein ny pokal til pokalskapet i Turnhallen på Vikahaugane.
Troppen består av Ive Myklebust Valvatne (13), Tora Ertresvåg Pedersen (12), Erle G. Birkeland (13), Othilie Kjøs Horneland (11), Mia Sætervik (13), Sunniva Urdal (11) og Elena Magnussen (13). Trenarane som saman med turnarane har æra for den fine plasseringa, er Hedda Haslum Myklebust, Marielle Flatås Kvalnes, Elena Valvatne og Arnhild Myklebust.
Arnhild Myklebust, Stord Turn, trenar
Publiseringsdato 14.04.2024