Fem NM-gull under helgas NM i Sandefjord

Fem stordabuar blei norgesmeistrar i helga. Resten kjempa knallhardt og fekk gode plasseringar dei òg. Her er resultata: Kristoffer: Noregsmeister kata menn 18+ open (elite klassa). Bronse i kumite menn 18+ open (elite klassa). Kristoffer fekk også bestemannsprisen menn. Norgesmeistrar lag kata damer til Sunniva Julie og Henriette. Tiril: Sølv i kata kvinner 16+kvinner kyu. Karoline: Noregsmeister kata kvinner 16+kvinner kyu. På fredag tok Kristoffer Mjøs Hansen, Blanka Mazik, Henriette Alsaker, Sunniva Yong Tranvåg Syltevik, Julie Lin Tranvåg Syltevik, Tiril Nævdal, Malene Agasøster Gangdal, Karoline Jæger Midtlid turen til Sandefjord for å delta i NM som var på laurdag. Blei nok tøffe kampar på laurdagen og ein lang dag i hallen på elleve timar. Alle frå klubben vår viste god karate på tatami-mattene. Stord karateklubb utviklar seg stadig og utøvarane våre imponerer og fangar med seg gode resultat og medaljar under konkurransar. Me viser kvalitet og styrke på ein god måte og har dyktige utøvarar med sterke nivå på karaten. Dette skuldast dei fantastiske senseiane våre Kjærland Sensei og Svein Sensei. Under helgas NM hadde me med oss coach Trude og Svein Sensei stilte som dommar. Me gratulerer med flotte resultat! Betre gjeng finst ikkje! Blanka Mazik, utøvar og hjelpetrenar

Publiseringsdato 10.03.2024




Sport