Avslutning av skeisesesongen
Tradisjonen tru avslutta unge Stord-skeiseløparar sesongen med deltaking i Rekordløpet i helga. I Sørmarka Arena i Stavanger. Sjølvaste storstova for oss skeisarar her på Vestlandet. Løpet samla i år om lag 150 aktive unge skeisarar, frå ulike delar av landet. Her fekk dei topp forhold, eit proft arrangement og glatt (rekord)is. Perfekte rammer for å kappast med kvarandre. Fine tilhøve for å forbetra eigne personlege bestetider.
Her markerte Stord sine unge skeisarar seg på aller beste måte. Både i tal løparar, med 16 deltakarar i alderen 6-14 år, og med flotte prestasjonar. Alle våre kom heim med nye, personlege rekordar på distansane dei gjekk. Så her var det høg meistringsfaktor!
I tillegg hadde gjengen det sosialt og kjekt saman helga gjennom. Det er eit sterkt fellesskap og samhald i gruppa av unge gutar og jenter. Dei støttar og heiar kvarandre fram. Supertrenar John Kvarme gjev støtte og kyndig rettleiing til kvar og ein. Så har me ei flott foreldregruppe som støtter godt opp.
Skeisegruppa er eit inkluderande, inspirerande og flott miljø å høyra til. Me opplever jamt tilsig av nye, unge rekruttar. Det er lenge sidan gruppa av yngre har vore så talrik. Det teiknar bra for at me kan fylla den nye ishallen med unge, lovande Stord-skeisarar!
Tage Båtsvik, skeisepappa
Publiseringsdato 11.03.2024