Pallplass for Stord Turn i Sandnes
Troppsgymnastane i Stord Turn har denne helga deltatt på seriekonkurranse i Sandnes. Her konkurrerte dei i 1.-divisjon i øvingane frittståande, tumbling og trampett. Sjølv med ein knekt finger på laget og to handledd med betennelse klarte gjengen frå Stord Turn å gi alt i alle øvingane. Pallplassen glapp så vidt i frittståande, men i trampett enda dei på ein sterk 2.-plass og sikra nok ein pokal til skapet i turnhallen.
Framifrå innsats av eit sterkt lag.
Troppen består av Ive Myklebust Valvatne (12), Tora Ertresvåg Pedersen (12), Erle G. Birkeland (13), Othilie Kjøs Horneland (11), Mia Sætervik (13), Sunniva Urdal (11) og Elena Magnussen (13).
Trenarane som saman med turnarane har æra for den fine plasseringa, er Hedda Haslum Myklebust, Marielle Flatås Kvalnes, Elena Valvatne og underteikna.
Seriekonkurransen i Sandnes samla over 40 turnlag frå Stord i nord til Ålgård i sør.
Arnhild Myklebust, trenar
Publiseringsdato 19.02.2024