Fitjar har fått ny norgesmeister

På laurdag 9. mars vart det arrangert norgesmeisterskap i karate i Sandefjord i regi av Kampsportforbundet. To av våre unge utøvarar tok turen over fjellet for å visa kva ungdommen på Fitjar er laga av. William André Helland (14) kjempa seg til topps i konkurranseforma kata (mønster) etter ein ekstraomgang i finalen. Gullet og tittelen som noregsmeister var vel fortent og eit resultat av mange timar målretta trening. William fekk i tillegg ein flott sølvmedalje i konkurranse forma kumite (kamp), der han måtte gi tapt for ein litt sterkare motstandar i finalen. Han deltok også i open klasse der han fekk bronse i kumite. Elena Bukkøy Rydland (12) fekk ein flott andreplass i finalen for kata, der gullet glapp med liten margin. Elena kjempa også i kumite i to klassar, beit godt ifrå seg og forsynte seg med sølv i begge klassane. Totalt henta dei to frå Fitjar Shotokan Karateklubb med seg heim seks av åtte mogelege medaljar: Eit gull Fire sølv Ein bronse Heile trenarteamet gratulerer så mykje og klubben feriar den ferske norgesmeisteren med kake på tysdagens trening. Trond Strand, styreleiar og instruktør i FSKK

Publiseringsdato 11.03.2024




Sport