Skisamling i Nordbygdo

Laurdag morgon vart utøvarar frå skiklubbane i Hordaland skikrets henta på ferjekaien på Sandvikvåg. Nokre kom frå Kvinnherad, medan Røldal og var representert med tre jenter. Med rulleski, skistavar og oppblåsbare madrassar i bagasjen var dei klare for to dagar på Stord for å skape samhald på tvers av klubbane og utvikle skidugleikane sine. Laurdagen bestod av rulleskiaktivitetar i helsesportløypa i Nordbygdo. Her fekk utøvarane prøvd seg på balanse og teknikkøvingar. Rulleski-bandy er noko som verkeleg set krav til balanse og motorikk. Ettermiddagsøkta var ei intervalløkt, og fann stad på fotballbanen. Her skulle utøvarane gjere styrke, motorikk og spenstøvingar som eit lag, før dei måtte springe ein runde kring banen. Ei svært alsidig økt, utvikla av skiklubbutviklar Espen Rognli i Troms og Finnmark skikrets. Her var deltakarane fordelt på tvers av alder og dugleikar, men øvingane kan differensierast slik at alle kan delta på sitt nivå. Søndagen starta tidleg, og allereie 09.00 var heile banden klare i Kyvik, for den berykta «Stordøkto». Den består av klassisk rulleski frå Kyvik til Heio, før dei spring opp til toppen av Skjerpatrappene. Morten Føyen, som er leiar i skigruppa, hadde sydd saman eit godt opplegg, og samla fleire ungdommar enn i fjor. Noko som Bernt Rusten, administrasjonssjef i Hordaland skikrets syntes var svært gledeleg for rekrutteringa til skisporten. Skigruppa på Stord har som mål å skape skiglede, og har plass til fleire unge medlemmer. Me har ofte gode skiforhold her lokalt, men mange reiser også til fjells om vinteren. Det er gledeleg, men kanskje og litt slitande når dei minste med godt utvikla skiteknikk seglar frå resten av turfølget på veg til Fossen på Vågslid, kring Kistefjell på Seljestad, eller til Olalia fjellstove. Skigruppa håpar fleire born, og vaksne vil ta del i den vesle, men svært utviklande gruppa, som i haust trenar fredagar i Nordbygdo, primært med rulleski på beina. Magnar Larsen, Stord ski, styremedlem

Publiseringsdato 30.10.2023




Sport