Strålande helg i Vikingskipet

Hamarlekene på skeiser er eit nasjonalt stemne for rekruttar og ungdom. I helga deltok 264 løparar i Vikingskipet. Stord skeiser stilte med ti av våre yngste løparar. Sprengkulde austafor denne helga. Minus 27 grader på morgenturen bort til skipet var røft. Men i hallen venta opplevingar som varma godt. Mektig berre det å få gå løp i sjølvaste Vikingskipet! Inspirerande å vera del av eit stemne som samlar unge skeiseløparar frå heile landet. Sosial læring å vera på langtur med skeisegjengen. Stas er det også å sjå at våre unge løparar hevdar seg særs godt i konkurransen. Alle ti løparar sette personlege rekordar på ein eller fleire distansar. Så her var også sportsleg meistring i massevis 👌 Desse Stord-løparane var med i Vikingskipet i helga: Magnus Sørheim Nylund Frida Stokken Salomonsen Othilie Kjøs Horneland Marta Stautland Båtsvik Viljar Kannelønning Vemund Stautland Båtsvik Vera Stautland Båtsvik Ludvig Waldal Hagen Selmer Horneland Bertine Kjøs Horneland Tage Båtsvik, skeisepappa

Publiseringsdato 07.01.2024




Sport