Skeiseromjulsløp på Stord
Tredje juledag vart det tradisjonelle romjulsløpet på skeiser avvikla på Vikahaugane. Her møttes skeisarar frå Hardanger skøyteklubb, Fana IL, Bergen skøyteklubb, Skuteviken skøiteklubb og Stord skeiser.
Godt frammøte av åskodarar var det i det kalde og fine vintervêret. Og som vanleg sørga Henning Nordfonn for særs gode istilhøve for dei 30 skeisarane som deltok. Der 11 av dei var våre eigne, frå den store flotte gruppa av unge Stord-løparar me har for tida.
Kjekt å få gått løp på heimebana. Stas å møta løparar frå andre klubbar til kappestrid. Viktig å knytta tette band i den vetle skeisefamilien på Vestlandet.
Stord skeiser sine unge deltakarar denne gong var Magnus Sørheim Nylund, Frida Stokken Salomonsen, Othilie Kjøs Horneland, Marta Stautland Båtsvik, Viljar Kannelønning, Vemund Stautland Båtsvik, Ingeborg Kvamme, Selmer Horneland, Bertine Kjøs Horneland, Matheo Rasmussen Kjildal og Trygve Kannelønning.
Tage Båtsvik, skeispappa
Publiseringsdato 02.01.2024