Stor jubel då Stord vann bronsefinalen

Helga 13. og 14. januar arrangerte Stord den andre runden av Norgesserien for juniorar i undervassrugby. Over 70 deltakarar, fordelte på fire lag, var i aksjon i bassenget i kulturhuset. Berre eit knapt år sidan Stord debuterte i konkurransesamanheng viste dei at mykje trening, samspel og innsatsvilje gir resultat. Dei tøffe ungdommane beit frå seg i alle kampar og spelte jamt mot mykje meir rutinerte lag. Etter dei innleiande kampane skulle Stord til slutt møta Boblen frå Bergen i bronsefinalen. Dette skulle visa seg å bli ein svært spanande kamp! Laga følgde kvarandre tett, og då det var to minutt igjen av kampen var stillinga 5-5. Med god hjelp frå heimepublikum kjempa stordlaget seg til eit mål, og med berre eitt og eit halvt minutt igjen av kampen var det Stord som leia 6-5. Med godt og disiplinert forsvarsspel klarte Stord å halda denne stillinga, og vann dermed bronsefinalen. Det var Egersund som stakk av med førsteplassen, medan Ålesund enda på andre plass. Stord Undervannsklubb har faste rugbytreningar to gongar i veka. Då trenar både senior- og juniorspelarar saman. Det er om lag ti til tjue spelarar på treningane, både erfarne og relativt ferske spelarar. I undervassrugby er fysiske føresetnadar som kondisjon, styrke og hurtigheit viktig, men eigenskapar som disiplin og innsatsvilje kjem også godt med. Spelet går føre seg på den djupe delen av bassenget, og måla er plasserte på botn, 3,5 meter under overflata. Spelarane nyttar symjeføter, dykkarmaske og snorkel, i tillegg til kvit eller blå rugbyhette. Ein scorar mål ved å putta ballen oppi «bøtta» til motstandarlaget. Det er ein spektakulær idrett, der utøvarane får utfordra seg på mange måtar. Stord Undervannsklubb håper at fleire skal oppdaga denne morosame idretten og ta turen innom bassenget i kulturhuset for å trena saman med dei. Det er plass til både store og små! Gunnhild Litlabø, trenar

Publiseringsdato 16.01.2024




Sport