Skal bli betre i basket både på og utanfor banen
Spelarane på U14-laget til Stord basket bruker mykje tid på favorittsporten sin. Og det er éin ting dei ivrige tenåringane er samde om; to treningar i veka er ikkje nok. Nyleg samla laget seg utanom vanlege treningstider for å sjå på opptak av ein proffkamp for døme og analyse. Ein konsentrert gjeng sat i klasserommet til hovudsponsor Subshore og diskuterte situasjonar frå Euroleague-oppgjeret mellom Madrid Real og Stambul Fenerbahce, og kva lærdom ein kunne ta med seg til eige spel.
– Denne typen analysearbeid er heilt nytt for oss, det er så mykje å ta lærdom av! Denne kampen viste oss tydeleg korleis den som kjempar til det siste og gir 100 prosent, kan vinna kampar uansett kven som er favoritt på førehand, fortel trenar Nerijus Arlauskis.
I serien møter U14-laget andre lag frå Stavanger- og Sandnesområda, Haugesund og Stegaberg. Sesongen er rett over halvspelt, og Stord basket ligg rundt midten av tabellen. Omtrent halvparten av den ivrige gjengen er U14-årgang, mens resten faktisk er eitt og to år yngre. Og mange er heilt ferske på laget denne sesongen. Dei jobbar hardt for å bli eit meir samspelt lag, og bli betre individuelt.
– Me har planar om fleire samlingar som dette. Då skal me analysera video av eige spel for å setja fingeren på det viktigaste me må jobba med. Det er fyrste sesongen saman for både spelarane og meg, difor er det viktigaste målet denne sesongen å bli kjende med kvarandre og spela godt saman som eitt lag, fortel trenaren.
Samlinga var òg eit sosialt tilskot for spelarane der dei snakka om deira individuelle mål. Eit av dei mest realistiske måla til dei fleste spelarane, er å bli plukka ut til ungdomslandslaga. Vegen dit kan starta allereie til hausten, med regionale U15-samlingar.
– Det viktige er at ein kan sjå lidenskapen i auga til spelarane og at dei brenn for spelet og gir 100 prosent. Gjer ein det, vil det automatisk koma gode resultat. Og det er jo ein god lærdom for alle andre område også, ikkje berre basket, meiner trenaren.
Hilde Zwaig Kolstad
Publiseringsdato 11.01.2024