Kampdebut for mange på Nysæter i helga

Eit heilt nytt lag og mange unge basketballspelarar var med på kampar for fyrste gong då Stord basket arrangerte éindags-turnering i fleirbrukshallen på Nysæter søndag. Ivrige besøkjande frå både Haugesund, Ølen og Husnes var med, og skapte mykje liv og nok ei vellukka turnering på Stord. Stord basket stilte sjølv med lag i klassen U13 og ein fersk U9-gjeng. Særleg kjekt denne gongen var laget som hadde tatt turen over fjorden frå IL Trio. Det var fyrste gongen klubben stilte med basketlag til kamp nokon sinne! Det er eit godt bilete på korleis det lokale basketmiljøet stadig veks. Då Stord basket arrangerte same type turnering i april, var det fyrste gongen Ølen IL stilte med lag. Dei var med også denne gongen. I tillegg veks Haugesund basketballklubb så mykje at det no er heilt fullt: Dei har venteliste til alle sine lag. I Easybasket vert det lagt vekt på inkludering og leik med tilrettelagde reglar og justeringar i basket-konseptet. Det vert ikkje talt poeng i kampane, det er færre spelarar på banen samstundes og korgene er lågare enn vanleg. I tillegg er dommarane "kampleiarar", som rettleiar spelarane heller enn tradisjonell dømming, i kva reglar som gjeld og kva dei kan endra på for å spela rett. Kampleiarane i turneringa var ungdommar frå klubben sine eldre lag. Som tidlegare, tok dei oppgåva på alvor og gjorde ein kjempegod jobb. Dei var viktige i å sørga for at dei yngre fekk ei god og trygg ramme rundt kampane sine. Turneringa på søndag viste kor godt det fungerer å ha kampar i basket også for dei aller yngste. Når reglane og dei fysiske dimensjonane er tilrettelagde, og kampleiarane hjelper til, vert det kjempegøy for barna å møta andre lag i ei vennleg og trygg atmosfære. Det var mykje høgt tempo og innsats frå alle deltakarane, som vart premierte med diplom. Nokon titalls vaksne var òg i sving. Saman med god støtte frå sponsorar Subshore og Leirvik, var det heilt avgjerande for at arrangementet blei ein så stor suksess for så mange deltakarar. Tekst: Hilde Zwaig Kolstad. Foto: Kristian Nicholls og Peter Tubaas / Vestland Media.

Publiseringsdato 28.11.2023




Sport