Skisprell i lysløypa

I vinter rullar Noregs skiforbund sitt konsept «skisprell» over heile landet. Skisprell er eit lågterskel rekrutteringstiltak som skal stimulera til fri skiaktivitet utan trenarar i ei tilrettelagt løype. Ein kjenner at moment frå alpint, hopp og langrenn som saman utfordrar balanse og skiteknikk. Tysdag 12. desember skipa skigruppa i Stord IL til «skisprell» i lysløypa. Leiar Morten Føyen i skigruppa hadde fått med seg Anne Lise Leiren Mastervik, som er kretsen sin skiklubbutviklar, til å laga ei utfordrande og leiken løype. Tidlegare har det òg vore arrangert barneskirenn med start utanfor skihytta – eit arrangement som tidvis har samla over hundre ungar. I dag kom familiar allereie frå 16.30 og prøvde seg i løypene. «Kom og sjå, det er eit hopp her borte», så var det heile i gang for denne guten og kompisen hans. På ski-stadion var det åttetal laga med kjegler, orgeltramp og slalåm. I bakken ned mot vassbehandlingsstasjonen møtte dei eit hopp. Segmentet frå lysløypa gjennom den mørke skogen, var det lagt ut blinkande lys som vegvisarar. I målområdet passerte ungane fleire gonger. Runde på runde i den inspirerande løypa. Om tiltaket fører til auka rekruttering i skigruppa vil tida visa. Men at om lag 50 ungar fekk ei oppleving på ski med både meistring og glede kan dei frammøtte skriva under på. Skigruppa har trening fredagar 17.30. Men grunna renn, vêr og skiføre, er me litt meir fleksible i vintersesongen. Ta kontakt om de ynskjer å vera med. Sjå video frå arrangementet: https://fb.watch/oVlZZKKQGV/ Magnar Larsen, Stord ski

Publiseringsdato 13.12.2023




Sport